Ta en bibliotekar og la henne vandre

Et kunnskaps- og kompetanseløft for folkebibliotekene i Hedmark

Fra Eidskog til Sør-Odal

Randi i Eidskog endte opp med å vandre til Sør-Odal.  Siden noen fra fylkesbiblioteket allerede har skrevet et skjema som ligger på bloggen, har Randi valgt å korte ned teksten noen steder.

Kommentarane i nokre felt vert litt forkorta i dei tilfella mine notat fell saman med kommentarane frå fylkesbibliotekarane som også var på Sør-Odal bibliotek.

Hun har allikevel gjort noe viktig id et hun gikk inn i biblioteket, nemlig et forsøk på å la bibliotekbrillene ligge. Det er ikke alltid lett. Dette er hva hun tenkte uten briller:

Dersom eg var innbyggar i Sør-Odal ville eg ha vore veldig glad for å ha fått eit so flott bibliotek, men også trist (og provosert), fordi eg ikkje får tilgang til det i meir enn 18 timar i veka. Det er stengt om fredagane, men det er ope ein laurdag i månaden, so det er eit «plaster på såret». At det i tillegg er stengd heile fem veker i sommar, ville eg ikkje vore glad for dersom eg budde i Sør-Odal og ikkje tenkte på dei som skal ha ferie, men berre på meg sjølv… Eg kunne ha kome til å skrive noko i avisa om kommunen som har råd til å bygga, men ikkje driva biblioteket. Eg ville ha samanlikna dette med situasjonen for fleire flotte kulturhusbygg kring om i Noreg som folk får avgrensa glede av, fordi det ikkje er teke omsyn til drift i økonomiplanane for bygget. Bygg flott og steng døra…

Det ville eg ha tenkt dersom eg ikkje hadde bibliotekbriller på og såg at det er mykje arbeid som bør gjerast «bak» fasaden. På grunn av at biblioteket strekk seg over to etasjar, er det nødvendig med to personar på jobb når det er ope.

Les hele skjemaet her: Vandreskjema Eidskog – Sør-Odal

Bilder

Med enkle grep kan dei gjera plass til arrangement i andre etasje. Alle hyllene har store hjul med lås. Ei overrasking var  dei geniale borda som oppbevarer mange lette klappstolar og kan trillast dit ein har bruk for dei. God HMS!

I barnekroken kunne ein kanskje flytta på dei store kassane med bøker som står midt på golvet, slik at det flotte eksponeringsmøbelet kjem betre fram. Meir plass til barna og oppdaginga deira.

I barnekroken kunne ein kanskje flytta på dei store kassane med bøker som står midt på golvet, slik at det flotte eksponeringsmøbelet kjem betre fram. Meir plass til barna og oppdaginga deira.

Etter at Liv Gade var på besøk, laga dei ei lett tilgjengeleg utstilling med bøker som ho tilrår. I tillegg kan folk ta med seg lister over tilrådde bøker.

Etter at Liv Gade var på besøk, laga dei ei lett tilgjengeleg utstilling med bøker som ho tilrår. I tillegg kan folk ta med seg lister over tilrådde bøker.

Romsleg og god plass til utstiling av bøker i hyllene på Sør-Odal. Bokstøtter til eksponering vert brukt i stort tal og fungerer godt. Ein får lyst til å ta ei bok!

Romsleg og god plass til utstiling av bøker i hyllene på Sør-Odal. Bokstøtter til eksponering vert brukt i stort tal og fungerer godt. Ein får lyst til å ta ei bok!

Lyttestolar med eigen spelar til kvar stol, kunne ein finna både i fyrste og andre etasje. Spennande og innbydande. Fugerer som eit lukka rom i rommet for den som set seg inni og lyttar.

Lyttestolar med eigen spelar til kvar stol, kunne ein finna både i fyrste og andre etasje. Spennande og innbydande. Fugerer som eit lukka rom i rommet for den som set seg inni og lyttar.

Sentrum i biblioteket sett ovanfrå. Lokalet er lyst og luftig. God merking på hyller gjer at det kjennest greitt å orientera seg i. God universell utforming frå inngangspartiet og i heile biblioteket. Dersom ein vil ta heisen med rullestol eller barnevogn, må ein ha fylgje av personalet med kodenøkkel. Det kan kanskje opplevast som ugreitt for nokre folk, medan andre kan kjenna at det er ok.

På Sør-Odal har dei ei rikhaldig samling av faglitteratur. Dei har vald å setja litteratur for vaksne og barn samla, men markerer med ulik farge på merkinga. Nokre emner, som til dømes musikk, var samla i eigne hyller i det opne landskapet der folk lett får auge på dei.

Trendy tidsskriftskrok

Trendy tidsskriftskrok

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s

Information

This entry was posted on June 17, 2014 by in Skjema, Vandring and tagged , , .
%d bloggers like this: